Sundøybrua

Nederlands Čeština English Dansk Slovenčina Norsk (Bokmål) Русский

Sundøybrua
Wikipedia

Sundøybrua er ei fritt-frambygg-bru i Leirfjord kommune i Nordland. Brua knyter Sundøya på austerenden av øya Alsten til fastlandet. Brua har ei lengd på 538 meter og eit hovudspenn på 298 meter. Seglingshøgda er 43,5 meter. Hovudspennet gjer at ho pr. 2005 har det nest lengste hovudspennet i verda for nokon fritt-frambygg-bru. Brua vart opna for trafikk den 9. august 2003, og er ein del av fylkesveg 220 i Nordland.




Impressum